Behandling i utlandet
Vi behandlar klager på vedtak om behandling i utlandet.
Dersom du er pasient med rett til nødvendig helsehjelp i spesialisthelsetenesta, kan du ha rett til å få dekt utgifter til behandling i utlandet. Vilkåra er at det ikkje finst tilbod i Noreg eller at helsehjelpa i utlandet er dokumentert meir verknadsfull enn helsehjelpa som blir tilboden i Noreg. Utgifter til eksperimentell eller utprøvande behandling blir som hovudregel ikkje dekte.
Klagesakene gjeld avslag på søknad om dekning av utgifter til behandling i utlandet.
Saksbehandlinga hos oss
Vi får tilsendt klagesaka frå det regionale helseføretaket som fatta vedtaket. Når vi har fått saka di, sender vi deg eit brev om at ho er registrert hos oss. I brevet får du òg informasjon om forventa saksbehandlingstid. Saksbehandlingstida varierer etter kompleksiteten i saka.
Vi har eit overordna prinsipp om at eldste sak skal behandlast fyrst. Samstundes må vi av og til gjere unntak frå prinsippet fordi det kan vere gode grunnar til at ei sak ikkje kan venta.
Saksbehandlinga er skriftleg. Saksbehandlaren som blir tildelt saka di, gjer ei ny juridisk vurdering og hentar inn nye eller oppdaterte opplysningar viss det er nødvendig. Vedkommande vurderer om det er grunnlag for å endre vedtaket frå førsteinstansen. Det er alltid minst to personar som vurderer saka.
Når vi har fatta eit vedtak i saka, sender vi det til deg eller representanten din. Vi sender òg vedtaket til helseføretaket. Det er helseføretaket som betalar for eventuelle utgifter du får dekt.
Reglane i forvaltningslova gjeld for behandlinga av klagene i nemnda. Grunngivinga står i vedtaket.
Du kan følgje klagesaka di på Mi side.
Mi side er stengt frå fredag 27. november
Brukarportalen Mi side er stengt på grunn av utviklingsarbeid frå 27. november kl. 15.
Vedtaka våre er endelege
Vedtak frå oss er endelege og kan ikkje klagast på vidare. Vedtak kan leggjast fram for domstolane for rettsleg overprøving.