Mi side stenger midlertidig frå 27. november
Nasjonalt klageorgan for helsetenesta skal få nytt saksbehandlingssystem og ny brukarportal (Mi side).
Grunna utviklingsarbeid må me stenge Mi side i ein periode.
-
Frå og med 16. november kan du ikkje sende dokument, kommentarar eller skjema via Mi side.
-
Dersom du har brukt Mi side før 16. november, har du lesetilgang 16.–27. november. I denne perioden kan du berre lese og laste ned dokument.
-
Du må laste ned eventuelle dokument du treng før Mi side stenger fredag 27. november kl. 15. Brev og vedtak frå oss har du òg fått i kanalen du brukar for kommunikasjon med det offentlege (digital postkasse eller i posten).
-
Den nye brukarportalen opnar i løpet av januar. Me legg ut informasjon på helseklage.no når du kan logge deg på.
Alle saker som er ikkje er avslutta når me byter saksbehandlingssystem, får nytt saksnummer. Dette saksnummeret ser du når du loggar deg på brukarportalen.
Slik sender du informasjon til oss medan Mi side er stengt for innsending
Privatpersonar kan sende dokumentasjon, fullmaktskjema og ankeskjema til oss via Digipost. Du kan ikkje bruke e-post til å sende sensitive opplysningar.
Skriv Nasjonalt klageorgan for helsetjenesten eller organisasjonsnummeret 984 936 966 i søkefeltet og vel oss som mottakar.
Du kan òg sende dokumentasjon som brevpost til:
Nasjonalt klageorgan for helsetenesta
Postboks 230 Skøyen
0213 Oslo
Verksemder kan sende dokumentasjon til oss via Altinn og eFormidling.
Me følgjer opp førespurnader så raskt me kan
Medan me byter system, vil det ta lengre tid å svare på førespurnader. I denne perioden kan me svare på generelle spørsmål, men me kan diverre ikkje svare på spørsmål om klagesaka di.
Overgangen til nytt saksbehandlingssystem kan i ein kortare periode føre til lengre saksbehandlingstid.