Korleis er gangen i ei klagesak?
I denne animerte filmen får du informasjon om kvar du skal senda klaga di, og kva som skjer frå me får ei klagesak til ho er avslutta.
Du må senda klaga til dei som behandla saka di
Me behandlar klager på vedtak frå 32 offentlege instansar. Dersom du skal klaga på eit vedtak, må du senda klaga til same instans som fatta vedtaket (fyrsteinstansen). Du kan ikkje klaga direkte til oss.
Fyrsteinstansen går gjennom klaga og vurderer om dei skal gjera om eller halda oppe vedtaket sitt. Viss dei opprettheld vedtaket, sender dei klagesaka til oss for ei ny juridisk vurdering.
Når me får klagesaka, sender me deg eit brev om at ho er registrert hos oss. I brevet får du informasjon om forventa saksbehandlingstid. Saksbehandlingstida varierer etter sakstype, klagetema og kompleksiteten i saka. Me behandlar saka så raskt som mogleg.
Det er gratis å få klagesaka di behandla hos oss.
Du kan følgje klagesaka di i brukarportalen Mi side
Klagesaka vert synleg i brukarportalen Mi side når ho er registrert i saksbehandlingssystemet vårt.
På Mi side kan du følgje status i saka, sjå dokument me har sendt til deg og som du har sendt til oss, sende inn nye opplysingar som er viktige for saka og fylle ut aktuelle skjema. Viss du brukar Mi side, får du varslar når det er noko nytt i saka. Privatpersonar får varsel på SMS, og advokatar får varsel på e-post.
Dersom du ikkje kan bruka Mi side, må du senda opplysningane og utfylte skjema i til dømes Digipost eller som brevpost. Du kan ikkje senda informasjonen via e-post!
Me vurderer all informasjon i saka
Saksbehandlinga er skriftleg. Saksbehandlaren som får tildelt saka, gjer ei ny juridisk vurdering og hentar inn nye eller oppdaterte opplysningar dersom det er nødvendig. Me vurderer all informasjon i saka og alt du har skrive i klaga. Det er alltid minst to personar som vurderer ei sak.
Dersom me innhentar ei skriftleg vurdering frå ein helsefagleg sakkunnig, sender me den til deg eller den som hjelper deg, slik at du får kommentera vurderinga.
Me er sekretariat for tre uavhengige nemnder
Nokre klagesaker vert behandla av ei nemnd, som er eit domstolliknande organ. Nemndmedlemmane er juristar (dommarar og advokatar), helsepersonell og brukarrepresentantar.
Me er sekretariat for Apotekklagenemnda, Pasientskadenemnda og Statens helsepersonellnemnd.
Viss klagesaka di skal behandlast av ei nemnd, skriv saksbehandlaren eit forslag til vedtak (innstilling til nemnda). Nemnda får forslaget og alle saksdokumenta i god tid før nemndmøtet. Under nemndmøtet vurderer og diskuterer nemnda saka i fellesskap. Det er nemnda som fattar det endelege vedtaket. I enkelte saker kan nemndsekretariata fatta vedtak etter delegert myndigheit frå nemndleiar.
Du kan ikkje klaga på vedtak frå oss
Når me eller nemnda har fatta eit vedtak, sender me det til deg eller representanten din. Me sender det òg til fyrsteinstansen. I sakstypar som krev oppfølging eller utbetaling, er det fyrsteinstansen som følgjer opp utfallet i klagesaka.
Vedtak frå oss og nemndene me er sekretariat for, er i dei aller fleste tilfella endelege. Det betyr at dei ikkje kan klagast på vidare i forvaltninga. Vedtak kan leggjast fram for domstolane for rettsleg overprøving. For nemndvedtak er søksmålsfristen seks månader frå du mottok vedtaket.
Etter at saksbehandlinga en ferdig, er saka synleg på Mi side i 7 månader eller til det vert tatt ut stemning.