Utlevering av helseopplysningar
Vi behandlar klager på vedtak om utlevering av helseopplysningar frå Norsk helsearkiv.
Norsk helsearkiv tek vare på eldre, bevaringsverdige pasientarkiv frå helseføretaka, og gjer helseopplysningar i arkivet tilgjengeleg for forskarar og pårørande i samsvar med gjeldande føresegner om teieplikt.
Klagesakene gjeld heilt eller delvis avslag på innsyn i pasientjournalar, sjå helsearkivforskrifta § 31.
Saksbehandlinga hos oss
Vi får klagesaka frå Norsk helsearkiv. Når vi har fått klagesaka di, sender vi deg eit brev om at ho er registrert hos oss. I brevet får du òg informasjon om når du kan forvente at saka er ferdigbehandla. Saksbehandlingstida varierer etter kor kompleks saka er.
Vi har eit overordna prinsipp om at eldste sak skal behandlast fyrst. Samstundes må vi av og til gjere unntak frå prinsippet fordi det kan vere gode grunnar til at ei sak ikkje kan venta.
Saksbehandlinga er skriftleg. Saksbehandlaren som blir tildelt saka di, gjer ei ny juridisk vurdering og hentar inn nye eller oppdaterte opplysningar viss det er nødvendig. Vedkommande vurderer om det er grunnlag for å endre vedtaket til direktoratet. Det er alltid minst to personar som vurderer saka.
Når vi har gjort eit vedtak i saka, sender vi det til deg eller representanten din. Vi sender òg vedtaket til direktoratet.
Du kan følgje klagesaka di på Mi side.
Mi side er stengt frå fredag 27. november
Brukarportalen Mi side er stengt på grunn av utviklingsarbeid frå 27. november kl. 15.
Vedtaka våre er endelege
Vedtak frå oss er endelege og kan ikkje klagast på. Vedtak kan leggjast fram for domstolane for rettsleg overprøving.