Behandling i utlandet
Vi behandlar klager på vedtak om behandling i utlandet.
Dersom du er pasient med rett til nødvendig helsehjelp i spesialisthelsetenesta, kan du ha rett til å få dekt utgifter til behandling i utlandet. Vilkåra er at det ikkje finst tilbod i Noreg eller at helsehjelpa i utlandet er dokumentert meir verknadsfull enn helsehjelpa som blir tilboden i Noreg. Utgifter til eksperimentell eller utprøvande behandling blir som hovudregel ikkje dekte.
Klagesakene gjeld avslag på søknad om dekning av utgifter til behandling i utlandet.
Saksbehandlinga hos oss
Vi får tilsendt klagesaka frå det regionale helseføretaket som fatta vedtaket. Når vi har fått saka di, sender vi deg eit brev om at ho er registrert hos oss. I brevet får du òg informasjon om forventa saksbehandlingstid. Saksbehandlingstida varierer etter kompleksiteten i saka, men ho er vanlegvis 3 månader i hastesaker og 5 månader i andre saker.
Saksbehandlinga er skriftleg. Saksbehandlaren som blir tildelt saka di, gjer ei ny juridisk vurdering og hentar inn nye eller oppdaterte opplysningar viss det er nødvendig. Vedkommande vurderer om det er grunnlag for å endre vedtaket frå førsteinstansen. Det er alltid minst to personar som vurderer saka.
Når vi har fatta eit vedtak i saka, sender vi det til deg eller representanten din. Vi sender òg vedtaket til helseføretaket. Det er helseføretaket som betalar for eventuelle utgifter du får dekt.
Reglane i forvaltningslova gjeld for behandlinga av klagene i nemnda. Grunngivinga står i vedtaket.
Du kan følgje klagesaka di på Mi side.
Vedtaka våre er endelege
Vedtak frå oss er endelege og kan ikkje klagast på vidare. Vedtak kan leggjast fram for domstolane for rettsleg overprøving.