Sertifisering av flygeleiarar

Flygeleiarar som skal klage på enkeltvedtak om legeattest, må klage til Luftfartstilsynet.

Et headset som ligger på et bord i et flytårn. Foto: Mostphotos.

Klagesakene gjeld enkeltvedtak vedrørande legeattestar som er gjort med heimel i forskrift om utdanning og sertifisering av flygeleiarar.

Skal du klage på eit vedtak?

Klage på vedtak som gjeld legeattestar må sendast til Luftfartstilsynet innan 3 veker etter at du fekk vedtaket. I klagen må du skrive kva vedtak du klagar på, kva du er usamd i og kvifor.

Luftfartstilsynet går gjennom klagen din og vurderer om vedtaket skal gjerast om eller haldast oppe. Dersom dei opprettheld vedtaket, sender dei klagesaka til oss for ei ny juridisk vurdering.

Luftfartstilsynet

Korleis behandlar vi klagesaka?

Saksbehandlinga av klager som gjeld sertifisering av flygeleiarar