Administrative reaksjonar mot helsepersonell

Helsepersonell som skal klage på vedtak om administrative reaksjonar, må klage til Statens helsetilsyn. 

En lege holder i endene på et stetoskop som henger rundt halsen. Illustrasjonsfoto: Mostphotos

Administrative reaksjonar mot helsepersonell er:

  • fagleg pålegg
  • tilbakekalling av autorisasjon, lisens og spesialistgodkjenning
  • avgrensing (begrensning) av autorisasjon
  • tilbakekall av retten til å rekvirere legemiddel i gruppe A og B

Statsforvaltaren kan òg gjere vedtak om fagleg pålegg. Dersom du har fått fagleg pålegg frå Statsforvaltaren, må du sende klagen din dit.

Skal du klage på eit vedtak?

Klage på administrativ reaksjon må sendast til Statens helsetilsyn innan 3 veker etter at du mottok vedtaket. I klagen må du skrive kva vedtak du klagar på, kva du er usamd i og kvifor.

Statens helsetilsyn går gjennom klagen din og vurderer om vedtaket skal gjerast om eller haldast oppe. Dersom vedtaket blir halde oppe, sender dei klagesaka til oss. Vi mottek, greier ut og førebur saker som skal til behandling i Statens helsepersonellnemnd.

Statens helsetilsyn

Korleis handsamar vi klagesaka?

Saksbehandlinga av klager som gjeld administrative reaksjonar mot helsepersonell