Bruk av kunstig intelligens (KI) når du sender ei klage
KI-verktøy kan gje svar som er feil, for generelle eller ikkje relevante for saka di.
KI-verktøy kan lagre og gjenbruke informasjonen du legg inn
Dersom du brukar KI-verktøy når du skriv klaga, bør du fjerne personopplysningar som kan knyte deg til informasjonen.
Hugs at KI kan foreslå lover, reglar og avgjersler som ikkje finst
Dersom du brukar KI til å skrive ei klage, hugs at KI kan syne til kjelder som ikkje finst.
Sjekk Lovdata og andre kjelder for å sjå om regelverket er ekte før du sender klaga.
Forklar alltid kva du klagar på og kvifor
Klager som er laga med KI, kan vere svært generelle. Det kan gjere det vanskeleg for oss å sjå akkurat kva det er du klagar på. Dette kan påverke saksbehandlingstida.
Forklar tydeleg kva du klagar på og kvifor du er ueinig i vedtaket.
Gå gjennom alt innhaldet i teksten før du sender klaga.
Kven kan hjelpe meg?
- Pasient- og brukarombodet kan gje gratis råd og rettleiing.
- Fri rettshjelp kan vere aktuelt dersom du har låg inntekt.
- Helseklage.no har informasjon om korleis ei klagesak blir handsama og kvar du skal sende klagen.
- Helsenorge.no har informasjon om helsetenester, pasientrettar og klageordningar.