Aktuelle problemstillingar for masteroppgåver

Skal du skrive master i juss? Her finn du ei oversikt over problemstillingar innan fagområda våre.

Bildet syner ei hand som held eit raudt paragrafteikn.

Dei største fagområda våre er erstatningsrett, forvaltningsrett, helserett, EU/EØS-rett og prosedyre. Her er nokre forslag til aktuelle problemstillingar:

  • Grunngjevingsplikta ved forvaltningsvedtak som rører ved EØS-rettslege spørsmål

  • Forholdet mellom den generelle utgreiingsplikta i forvaltningslova og den spesielle utgreiingsplikta i pasientskadeerstatningslova § 10. Går utgreiingsplikta etter pasientskadelova lenger enn forvaltningslova?

  • Forvaltninga si rettleiings- og utgreiingsplikt i pasientskadesaker

  • Kva ligg i dispensasjonsvurderinga etter § 7 i førarkortforskrifta?

  • Meinerstatning i pasientskadesaker – betydningen av ny forskrift

  • Om å spå framtida – berekning av erstatning for framtidig tap i personskadesaker (gjerne med ei rettspolitisk drøfting av kapitaliseringsrenta)

  • Pasientskader under pandemien – erstatning for manglande smittevern, vaksineskader og utsett behandling

  • Statens helsepersonellnemnd – rettslege rammer for nemndas kompetanse i klagesaker

  • Tap av rekvireringsrett for vanedannande legemidlar – vilkår og forvaltningsskjønn

  • Tilbakekall av autorisasjon til helsepersonell på grunn av rusmiddelmisbruk – rettstilstand og utviklingstrekk

  • Tilsynsmyndigheitene sine inngrep overfor helsepersonell i eit menneskerettsleg perspektiv

  • Domstolane sin kompetanse ved overprøving av vedtak frå Statens helsepersonellnemnd 

  • Krav i vilkårsstilling ved ny begrensa autorisasjon  
  • Helsepersonellnemnda si bevisvurdering 

  • Vandelskrav for driftskonsesjon til apotek 

  • Pasientskadelova sitt verkeområde – tilfelle som fell utanfor og innanfor lova (for eksempel tilfelle der barnevern er involvert, hendingar på behandlingsstader som ikkje er behandling/helsehjelp)

  • Infeksjonsføresegna i pasientskadelova § 2 første ledd bokstav c og vilkåret "i hovudsak skuldast pasienten si tilstand eller sjukdom"

  • Yrkeskvalifikasjonsdirektivet (2005/36/EF), endringsdirektivet (2013/55/EU) og EØS-forskriften (FOR-2008-10-08-1130). Tolkning av EØS-retten ut fra plikten til EU‑konform fortolkning og lovgivers handlingsrom ved direktivgjennomføring.

  • Betydningen av yrkeskvalifikasjonsdirektivets minstekrav for harmoniserte utdanninger i vurderingen utdanninger fra tredjeland og etter EØS-avtalen art. 28 og 31.

  • Spesialistgodkjenning: Sammenligning av regelverket tilknyttet ny og gammel godkjenningsordning.

  • Spesialistgodkjenning: Regelverket knyttet til spesialistgodkjenning i Norge vurdert opp mot EØS-retten.

  • Sammenhengen mellom helsepersonelloven § 62 tredje ledd og helsepersonelloven § 48a andre ledd bokstav b. (ny søknad etter § 62 kan først fremsettes etter 10 år, mens forvaltningspraksis legger til grunn en tiårsgrense for langt fravær fra yrket).

Lista blir oppdatert fortløpande.