Aktuelle problemstillingar for masteroppgåver
Skal du skrive master i juss? Her finn du ei oversikt over problemstillingar innan fagområda våre.

Dei største fagområda våre er erstatningsrett, forvaltningsrett, helserett, EU/EØS-rett og prosedyre. Her er nokre forslag til aktuelle problemstillingar:
- Grunngjevingsplikta ved forvaltningsvedtak som rører ved EØS-rettslege spørsmål
- Erstatning for vaksineskader – ansvarsgrunnlaget, bevisregelen og berekning av erstatning
- Forholdet mellom den generelle utgreiingsplikta i forvaltningslova og den spesielle utgreiingsplikta i pasientskadeerstatningslova § 10. Går utgreiingsplikta etter pasientskadelova lenger enn forvaltningslova?
- Forvaltninga si rettleiings- og utgreiingsplikt i pasientskadesaker
- Kva ligg i dispensasjonsvurderinga etter § 7 i førarkortforskrifta?
- Meinerstatning i pasientskadesaker – betydningen av ny forskrift
- Om å spå framtida – berekning av erstatning for framtidig tap i personskadesaker (gjerne med ei rettspolitisk drøfting av kapitaliseringsrenta)
- Pasientskader under pandemien – erstatning for manglande smittevern, vaksineskader og utsett behandling
- Statens helsepersonellnemnd: Ein garantist for rettstryggleik, eller unødvendig byråkrati?
- Statens helsepersonellnemnd – rettslege rammer for nemndas kompetanse i klagesaker
- Tap av rekvireringsrett for vanedannande legemidlar – vilkår og forvaltningsskjønn
- Tilbakekall av autorisasjon til helsepersonell på grunn av rusmiddelmisbruk – rettstilstand og utviklingstrekk
- Tilbakekall av autorisasjon på grunn av samanblanding av rolla som helsepersonell og privatperson – kvar går grensene?
- Tilsynsmyndigheitene sine inngrep overfor helsepersonell i eit menneskerettsleg perspektiv
- Domstolane sin kompetanse ved overprøving av vedtak frå Statens helsepersonellnemnd
- Krav i vilkårsstilling ved ny begrensa autorisasjon
- Helsepersonellnemnda si bevisvurdering
- Vandelskrav for driftskonsesjon til apotek
- Pasientskadelova sitt verkeområde – tilfelle som fell utanfor og innanfor lova (for eksempel tilfelle der barnevern er involvert, hendingar på behandlingsstader som ikkje er behandling/helsehjelp)
- Infeksjonsføresegna i pasientskadelova § 2 første ledd bokstav c og vilkåret "i hovudsak skuldast pasienten si tilstand eller sjukdom"
Lista blir oppdatert fortløpande.