Fagleg utvikling

Vi legg til rette for at du skal få utvikle deg fagleg, dele kunnskapen din og bidra til å utvikle organisasjonen.

To kvinner og ein mann snakkar saman. Dei sit i ein blå sofa og den eine kvinna har ein pc i fanget. Foto: Cecilie Bannow.

Hos oss blir du del av eit sterkt og kompetent fagmiljø. Det er viktig for oss at du skal kunne utvikle deg fagleg, uavhengig av om du er nyutdanna eller har lang erfaring. For å nå måla våre jobbar vi heile tida for at kompetansen din skal vere optimal for dei oppgåvene du skal utføre.

Kompetanseutvikling

Vi jobbar ofte i team der du både får lære nye ting og dele kunnskapen din. Hos oss blir du involvert i ulike prosjekt, og du får bidra til å påverke organisasjonen.

Vi er opptatt av å leggje til rette for at medarbeiderarane våre kan få utvikle seg innan ulike fagområde. Vi har ei rekkje ulike roller og funksjonar innan saksbehandlinga for deg som ønskjer nye utfordringar. Vi har også ei advokatfullmektigordning, der tilsette som ønskjer å lære meir om prosedyre kan få erfaring som fullmektig i rettssaksavdelinga.

Som tilsett hos oss deltek du på fagsamlingar og kurs, både på di eiga avdeling og saman med heile organisasjonen. Vi nyttar også statens digitale læringsplattform for e-læringskurs. Vi har eit auditorium på huset til bruk for fagleg påfyll og hentar gjerne inn eksterne føredragshaldarar.

Tett samarbeid med sakkunnige

Som saksbehandlar vil du samarbeide tett med interne medisinske sakkunnige, det kan vere ortopedar, allmennlegar, tannlegar, psykiatrar, onkologar og farmasøytar.

Mange av saksbehandlarane våre trekkjer fram møtepunktet mellom jus og medisin som noko av det mest lærerike og givande ved å jobbe hos oss.

Korleis tek vi imot nytilsette?

Som nytilsett hos oss blir du tatt godt i mot, både fagleg og sosialt. Du får god opplæring og tett oppfølging av leiarar og andre medarbeidarar innan eige fagfelt.

Du får ta del i eit opplæringsprogram med mellom anna introduksjonskurs, og får eigen fadder eller opplæring frå dyktige kollegaer.

Personvernerklæring Tilgjengelighetserklæring