Nytt tilbod for jusstudentar ved Universitetet i Bergen
Vil du skrive masteroppgåve om helserettslege problemstillingar og samstundes få verdifull arbeidserfaring?
                        Er du jusstudent ved Universitetet i Bergen (UiB) og skal skrive masteroppgåve innan helserelaterte rettsområde våren 2026?
Vi tilbyr to midlertidige deltidsstillingar som fagkonsulent (20 prosent stilling) og skriveplass. Du kombinerer skriveplassen med deltidsstillinga.
Tilbudet er eit samarbeid med UiB og Det juridiske fakultet.
Kva tilbyr vi?
Du får- midlertidig stilling som fagkonsulent i 20 prosent stilling
 - skriveplass i lokala våre i Bergen sentrum
 - ein mentor som følgjer deg fagleg og sosialt
 - juridisk relevante arbeidsoppgåver innan helserett, forvaltningsrett, EØS-rett eller erstatningsrett
 
Vi legg til rette deltidsstilllinga slik at du kan følgje undervisninga ved UiB.
Kven kan søke?
Studentar ved juridisk fakultet ved UiB som skal skrive masteroppgåve i desse emna, kan søke:
- JUS390 Masteroppgave (20 studiepoeng)
 - JUS392 Masteroppgave (30 studiepoeng)
 
Du må skrive om ei problemstilling knytt til helserelaterte rettsområde. Sjå forslag til aktuelle problemstillingar.
Vi legg stor vekt på at du har interesse for helserett og offentleg forvaltning. Når vi vel ut kandidatar, baserer vi det på masteroppgåveprosjektet, motivasjon og personlege eigenskapar – ikkje primært karakterar.
Korleis søker du?
Send søknaden via Webcruiter.
Hugs å skrive kva problemstilling du har valt til masteroppgåva. Søknadsfristen er 28. september 2025.
Oppstart er vårsemesteret 2026.