Nasjonalt klageorgan for helsetenesta fyller 10 år
– Eg er stolt over at vi er ein fagleg sterk, engasjert og dedikert organisasjon, seier direktør Anita Giæver Hansen.
1. januar 2016 blei Nasjonalt klageorgan for helsetenesta oppretta. Fleire fagmiljø i Oslo blei slått saman til eitt, og organisasjonen blei flytta, etablert og bygd opp i Bergen.
10 år seinare er vi eit av Noregs fremste fagmiljø innan erstatningsrett, helserett, forvaltningsrett, EU/EØS-rett og prosedyre.
Vi måtte starte meir eller mindre frå botnen av med å rekruttere, utvikle fagområda og byggje ein kultur, fortel direktør Anita Giæver Hansen.
– Til gjengjeld har vi fått samla mange ulike saksområde og bygd opp ei nasjonal og profesjonell verksemd med solid kompetanse innan helsejuss. Vi har etablert eit sterkt og engasjert fagmiljø som jobbar samvitsfullt med å vareta rettstryggleiken til dei som har ei sak hos oss.
– Vi har eit viktig samfunnsoppdrag
At organisasjonen og fagmiljøet måtte byggjast opp på nytt i 2016 og framover, førte til lange saksbehandlingstider på fleire store område. Å redusere denne og få ned talet på saker i kø har vore høgt prioritert.
– Vi jobbar med å vareta rettstryggleiken for innbyggjarane innan mange ulike område – og med å betre pasienttryggleiken nasjonalt. Vedtaka kan bety svært mykje for den som har saka hos oss. At vi har klart å få ned ventetida, samtidig som vi har halde oppe kvaliteten på vedtaka, var ein viktig milepæl for oss, seier Anita.
– Vi har òg jobba mykje med klart språk i vedtaka våre og har fått tilbakemeldingar om at vedtaka har blitt lettare å forstå. Dette arbeidet tykkjer eg vi kan vere stolte av. Kontinuerleg forbetring er ein del av kulturen vår, og vi jobbar heile tida med å utvikle oss til det beste for brukarane.
Jobbar med å utvikle regelverket og retten
Nasjonalt klageorgan for helsetenesta handsamar no over 100 ulike sakstypar frå 32 offentlege instansar.
Vi bidreg til regelverksutvikling gjennom å svare på høyringar og deltek i arbeid med lovkommentarar. Prosedyreavdelinga vår fører saker heilt til Høgsterett.
– Sakene vi får frå fyrsteinstansane, blir stadig meir komplekse. Sakshandsamarar og advokatar får derfor bidra til rettsutviklinga. Dette er fagleg spennande og viktig arbeid. Dei tilsette får heile tida nye utfordringar.
Organisasjonen er elles prega av ein god delingskultur, med dedikerte og engasjerte tilsette som set faget høgt, seier Anita.
– Vi er Bergens største samla fagmiljø for juristar og er opptatt av å dele kompetansen vår, internt og eksternt. Vi har etablert gode samarbeid med ulike universitet om praktikantordning, praksisplass, skriveplass for masterstudentar og masterstipend. Vi held òg kurs og førelesingar for medisin- og jusstudentar.
Digitalisering og automatisering vil prege dei neste åra
Dei siste åra har inngangen av saker auka kraftig på fleire område hos oss. Ein av ambisjonane framover er likevel å halde talet på saker i kø nede og redusere sakshandsamingstida ytterlegare.
– Nokre saker må av ulike årsaker ta lengre tid enn andre, men i hovudsak skal tida på handsaminga ned. For å klare det må vi ta i bruk gode digitale løysingar som kan hjelpe oss med å jobbe smartare, seier Anita.
– Framover blir det viktig for oss å automatisere der det er hensiktsmessig, slik at vi kan bruke fagpersonane våre på riktig måte. Tilstrekkeleg med ressursar er sjølvsagt òg ein føresetnad for at vi skal kunne løyse samfunnsoppdraget vårt.
– Kva har vi lært på desse 10 åra?
– At det tek tid å bygge opp ein heilt ny organisasjon. Det er viktig å jobbe med arbeidsmiljøet og med å sikre eit godt samspel mellom tilsette og leiarar, tillitsvald, verneombod og med fyrsteinstansane.
– Vi er stolte over å vere ein attraktivt arbeidsplass der folk trivast og opplever at dei får bruke kompetansen sin. Vi skal jobbe vidare for å sørge for at dei tilsette får utvikle seg, og med å effektivisere og forbetre arbeidet og prosessane våre, til det beste for dei som har ei sak hos oss.