Maria Kirkeeide Ravnå har fått møterett i Høgsterett

Maria Kirkeeide Ravnå har jobba som advokat i rettssaksavdelinga vår sidan 2019. Ho er den fyrste advokaten med møterett i Høgsterett hjå oss sidan me flytta til Bergen.

Bilde av Maria Kirkeeide Ravnå.

Ravnå har ført tre saker i Høgsterett. Den eine vart gjennomført digitalt i 2020, og dei to andre vart gjennomført i år.

Den nyaste saka handla om erstatning for skade etter behandling av eit prematurfødd barn.

Maria seier det er et privilegium å ta del i rettsutviklinga.

– Eg vil bidra til at Høgsterett får best mogleg grunnlag for avgjerslene dei tar. Denne rolla skal eg ta på alvor, seier ho.

Vil hjelpe andre på avdelinga å føre saker for Høgsterett

Maria er den fyrste med møterett i Høgsterett hjå oss sidan me flytta frå Oslo til Bergen i 2016. Ho meiner likevel ikkje ho behøver å vere den siste:

– Eg håper at erfaringane mine kan hjelpe andre advokatar på avdelinga som ynskjer å føre saker for Høgsterett.

Til slutt trekkjer ho fram kollegaene sine.

– Engasjementet og støtta eg har fått frå avdelinga og heile organisasjonen har vore heil unik.

Publisert / Endret
Personvernerklæring Tilgjengelighetserklæring