Mange verksemder opnar ikkje post i Altinn

Digitaliseringsdirektoratet har sett på omfanget av ulest post frå oss til verksemder i Altinn. Kartlegginga syner at det er 165 verksemder som ikkje har opna til saman 511 sendingar.

Skjermbilde fra forsiden til altinn.no.
Skjermbilde av forsida på altinn.no.

Nasjonalt klageorgan for helsetenesta er pålagd å bruka digitale fellesløysingar. 8. mars 2023 begynte me å bruka eFormidling til utsending av teiepliktig post til verksemder. Private og frivillige verksemder får desse sendingane i innboksen hos Altinn. Det gjer også offentlege verksemder som ikkje har sett opp mottak av digital post i eige system. Både Altinn og eFormidling er sikre, nasjonale fellesløysingar frå Digitaliseringsdirektoratet.

Ingen dokument er på avvegar

Oversikta me har fått frå Digitaliseringsdirektoratet, syner at det er 165 verksemder som har uopna sendingar frå oss. Det er totalt 511 sendingar som ikkje er opna av mottakar frå og med mars i år.

Mange av mottakarane er advokatar som kan allereie ha opna og lese sendingane i brukarportalen vår, Mi side. Av dei 511 sendingane er 264 også sendt til Mi side.

Ingen dokument eller opplysningar har kome på avvegar. Dei ligg trygt i innboksen til mottakar, men er ikkje opna.

Me kartlegg moglege konsekvensar

Me går no gjennom sakene for å kartlegge eventuelle konsekvensar. Det kan for eksempel vere at ein frist nærmar seg eller at saksbehandlingstida blir forlenga fordi me ikkje har mottatt etterspurt dokumentasjon.

Me sender denne veka dokumenta på nytt, som brevpost, saman med informasjon til mottakarane om at dei må setje opp Altinn-tilgangane riktig.

Verksemder som mottek teiepliktig post, må sjølv sørge for at dei har tilgang. Denne tilgangen blir ikkje gitt automatisk. Informasjon om tildeling av rollar og rettar ligg på altinn.no.

Publisert / Endret
Personvernerklæring Tilgjengelighetserklæring