Høyring: Me er positive til å overta som klageinstans frå Klagenemnda for behandling i utlandet

Me har nokre merknader til høyringsforslaget, mellom anna vil me ha hjelp frå medisinsk ekspertise når me handsamar klagesakene.

Skiltet til Helsedirektoratet henger på veggen over en inngangsdør. Foto: Mostphotos.

Klagenemnda for behandling i utlandet handsamar i dag klagar på vedtak frå dei regionale helseføretaka som gjeld avslag på dekning av utgifter til naudsynt helsehjelp i utlandet.

Les meir om sakene som i dag vert handsama av Klagenemnda for behandling i utlandet på nettsida vår.

Forslaget frå Helse- og omsorgsdepartementet om å leggja ned klagenemnda fører til at Nasjonalt klageorgan for helsetenesta vert klageinstans for sakene som i dag vert handsama av nemnda. Me vert dermed klageinstans for alle dei fire ordningane etter pasient- og brukarrettigheitslova § 2-4 a.

Me støttar forslaget om å flytte klagenemnda si kompetanse til oss, under føresetnad av at me får bistand frå medisinsk ekspertise når me handsamar klagesakene. Me har òg kome med forslag til endringar i regelverket om me skal handsama desse sakene.

Les heile høyringssvaret her

Publisert / Endret
Personvernerklæring Tilgjengelighetserklæring