Høyring: Abort i Noreg

Me har sendt inn eit høyringssvar på Abortutvalets NOU om abort i Noreg.

Bildet syner ein lege og ein pasient under ein konsultasjon. Begge er kvinner.

Helse- og omsorgsdepartementet har sendt Abortutvalet (utvalet) sitt forslag til ny abortlov og endringar i helsetenesta på høyring.

Utvalet foreslår å vidareføre ei nasjonal klagenemnd for abort og at denne blir innlemma i Nasjonalt klageorgan for helsetenesta.

Me er i dag sekretariat for Pasientskadenemnda, Statens helsepersonellnemnd, og Apotekklagenemnda. Dersom det blir oppretta ei ny Abortklagenemnd i samsvar med forslaget til utvalet, er me positive til at me skal vere sekretariat for denne nemnda. 

Etter vår oppfatning er det ein fordel med einsarta reglar om organiseringa av nemndene me er sekretariat for, der det ikkje er behov for særreglar. Me går nærare inn på merknadane våre i høyringssvaret under.

 

Høyringssvar frå Nasjonalt klageorgan for helsetenesta

Publisert / Endret
Personvernerklæring Tilgjengelighetserklæring