Dom frå Høgsterett: Ikkje erstatningsgrunnlag for psykisk skade etter barns sjølvmord

Det er ikkje rettsleg årsakssamanheng mellom fars psykiske skade og behandlingssvikten som førte til sjølvmordet til dottera.

Inngangen til Norges Høyesterett. Foto: Nasjonalt klageorgan for helsetjenesten.

14. juni 2023 avsa Høgsterett dom i ei pasientskadesak, HR-2023-1108-A.

Saka gjaldt ein fars krav om erstatning for psykisk skade som følgje av sjølvmordet til dottera etter behandlingssvikt i helsevesenet.

Sjølv om faren utvilsamt har vore utsett for store belastningar over lang tid, kom Høgsterett til at sjølvmordet eller omstenda rundt det rettsleg sett ikkje utgjorde ei særleg belastning, ut over tapet av dottera.

Vurderinga byggjer først og fremst på at dødsfallet ikkje stod i omgåande samanheng med svikten i helsehjelpa.

Dommen vart avsagd under dissens 4-1.

Publisert / Endret
Personvernerklæring Tilgjengelighetserklæring