Eg vil klage på vedtaket til Norsk pasientskadeerstatning. Kva gjer eg?
Viss du skal klage på eit vedtak fra Norsk pasientskadeerstatning, må du sende klagen til dei innan tre (3) veker etter at du fekk vedtaket.
I klagen skriv du kva vedtak du klagar på, kva du er ueinig i og kvifor.
Norsk pasientskadeerstatning går gjennom klagen din og vurderer om vedtaket skal omgjerast eller haldast oppe.
Viss vedtaket blir halde oppe, sender dei klagesaka til Pasientskadenemnda ved sekretariatet i Nasjonalt klageorgan for helsetenesta for ny juridisk vurdering av det som du klagar på.