Sertifisering av besetningsmedlemmer
Vi behandlar klager på vedtak om sertifisering av besetningsmedlemmer.
Klagesakene gjeld enkeltvedtak om legeattestar, som er fatta med heimel i forskrift om sertifisering av besetningsmedlemmer.
Saksbehandlinga hos oss
Vi får klagesaka frå Luftfartstilsynet. Når vi har fått saka di, sender vi deg eit brev om at ho er registrert hos oss. I brevet får du òg informasjon om forventa saksbehandlingstid. Saksbehandlingstida varierer etter kor kompleks saka er.
Saksbehandlinga er skriftleg. Saksbehandlaren som blir tildelt saka di, gjer ei ny juridisk vurdering og hentar inn nye eller oppdaterte opplysningar viss det er nødvendig. Vedkommande vurderer om det er grunnlag for å endre vedtaket frå førsteinstansen. Det er alltid minst to personar som vurderer saka. Dei fleste klagesakene blir òg vurderte av ein medisinsk sakkunnig.
Når vi har gjort eit vedtak i saka, sender vi det til deg eller representanten din. Vi sender det òg til Luftfartstilsynet.
Du kan følgje klagesaka di på Mi side.
Vedtaka våre er endelege
Vedtak frå oss er endelege. Det betyr at du ikkje kan klage på dei. Du kan leggje vedtaket fram for domstolane for rettsleg overprøving.