Tilgang til data frå Helsedataservice

Dersom du skal klage på eit vedtak som gjeld tilgang til data frå Helsedataservice, må du sende klagen til Folkehelseinstituttet.

Bilde som viser en abstrakt illustrasjon av helsedata. Foto: Mostphotos.

Helsedataservice er ei nasjonal teneste for å gjere helsedata frå norske helseregister tilgjengeleg. Helsedata vert for eksempel nytta i statistikk, helseanalyse, forsking, kvalitetsforbetring, planlegging, styring og beredskap.

Folkehelseinstituttet mottek, handsamar og koordinerer søknader om tilgang til dataa i desse helseregistera:

  • Dødsårsaksregisteret
  • Helsearkivregisteret
  • Kommunalt pasient- og brukerregister (KPR)
  • Kreftregisteret
  • Legemiddelregisteret
  • Medisinsk fødselsregister
  • Meldingssystem for smittsomme sykdommer (MSIS)
  • Nasjonalt register over hjerte- og karlidelser
  • Norsk pasientregister (NPR)
  • System for bivirkningsrapportering
  • System for vaksinasjonskontroll (SYSVAK)

Klagesakene gjeld heilt eller delvis avslag på tilgang etter § 4 og § 5 og vedtak om dispensasjon frå teieplikta etter § 7 i forskrift om nasjonal løsning for tilgjengeliggjøring av helsedata.

Skal du klage på eit vedtak?

Klagen må sendast til Folkehelseinstituttet innan 3 veker etter at du mottok vedtaket. I klagen må du skrive kva vedtak du klagar på, kva du er ueinig i og kvifor.

Instituttet går gjennom klagen og vurderer om vedtaket skal gjerast om eller oppretthaldast. Dersom dei opprettheld vedtaket, sender dei klagesaka til oss for ei ny juridisk vurdering.

Folkehelseinstituttet

Korleis behandlar me klagesaka?

Saksbehandlinga av klager på vedtak som gjeld tilgang til helsedata