Spesialistgodkjenning
Legar, tannlegar og klinisk allmennsjukepleiarar som skal klage på vedtak om spesialistgodkjenning, må klage til Helsedirektoratet.
Legar, tannlegar og klinisk allmennsjukepleierar som har tatt spesialistutdanning, må søkje om godkjenning.
Klagesakene gjeld avslag på spesialistgodkjenning.
Skal du klage på eit vedtak?
Klager på avslag om spesialistgodkjenning for legar, tannlegar og klinisk allmennsjukepleiarar må sendast til Helsedirektoratet innan 3 veker etter at du mottok vedtaket. I klagen må du skrive kva vedtak du klagar på, kva i vedtaket du klagar på, kvifor du klagar og dokumentere eventuelle nye opplysningar i saka.
Helsedirektoratet går gjennom klagen din og vurderer om vedtaket skal gjerast om eller oppretthaldast. Dersom dei opprettheld vedtaket, sender dei klagesaka til oss. Me mottek, greier ut og førebur saker som skal behandlast i Statens helsepersonellnemnd.