Produkt- og prislister i blåreseptforskrifta
Leverandørar som skal klage på vedtak som gjeld produkt- og prislister etter blåreseptforskrifta, må klage til Helfo.
Klagesakene frå leverandørar gjeld:
- opptak eller endring av medisinsk forbruksmateriell på pris- og produktlista
- opptak eller endring av næringsmiddel på pris- og produktlista
Skal du klage på eit vedtak?
Klager på vedtak som gjeld produkt- og prislister etter blåreseptforskrifta må sendast til Helfo innan 6 veker etter at du mottok vedtaket. I klagen må du skrive kva vedtak du klagar på, kva du er ueinig i og kvifor.
Helfo går gjennom klagen og vurderer om vedtaket skal gjerast om eller oppretthaldast. Dersom vedtaket blir oppretthalde, sender dei klagesaka til oss for ei ny juridisk vurdering.
Korleis behandlar me klagesaka?
Saksbehandlinga av klager som gjeld produkt- og prislister etter blåreseptforskrifta