Praktikantordning (trainee)
Jusstudentar på fjerde og femte studieår med interesse for erstatningsrett, helserett, forvaltningsrett, EU/EØS-rett, trygderett eller prosedyre kan søkje om å bli praktikant hos oss.

Nasjonalt klageorgan for helsetenesta er eit av Noregs største fagmiljø innan erstatningsrett, helserett, forvaltningsrett, EU/EØS-rett og prosedyre, og Bergens største samla fagmiljø for juristar. Som praktikant (trainee) hos oss får du jobbe med spennande juridiske problemstillingar og lære meir om fagområda våre.
I fire veker får du relevant arbeidserfaring og prøve korleis det er å jobbe som jurist eller advokatfullmektig i ein statleg etat. Du blir tilsett og lønna som konsulent.
Når du jobbar hos oss, er du tilknytta ei av helserettsavdelingane eller ei av avdelingane som jobbar med pasientskadeerstatning. Du får eigen fadder!
Når er praktikantperioden?
Neste praktikantperiode er våren 2026.
Når er søknadsfristen?
Praktikantstillingane blir lyst ut på Webcruiter. 
Å vere praktikant hjå Nasjonalt klageorgan for helsetenesta var ei fin moglegheit til å teste ut korleis det er å jobbe i eit innovativt, offentleg organ. Dersom du ser etter eit lærerikt, utfordrande og sosialt praktikantopphald, anbefaler eg deg verkeleg å søkje!
Maren