Faste deltidsstillingar for jusstudentar
Som deltidstilsett hos oss får du eit unikt innblikk i offentleg forvaltning og kjerneverksemda hos Nasjonalt klageorgan for helsetenesta.

Avdeling for service og forvaltningsstøtte har fleire faste deltidsstillingar for jusstudentar. Arbeidsoppgåvene er enklare førebuande sakshandsaming, anonymisering av vedtak, posthandtering, betening av sentralbord og andre kontoroppgåver.
Arbeidstid er etter avtale, men dei fleste jobbar to ettermiddagar i veka. I samband med ferieavvikling er det mogleg å jobbe fulltid.
Vi lyser ut deltidsstillingar ved behov, så følg med på Webcruiter.