Silje Kristine Tollånes får masterstipendet for hausten 2025
Silje Kristine Tollånes har fått masterstipendet for hausten 2025. Ho skal skrive om dei nye reglane i helsepersonelloven kapittel 11, som gjeld strengare administrative reaksjonar mot helsepersonell i tilsynssaker. Endringane tredde i kraft 1. januar 2025.
Silje Kristine studerer rettsvitskap ved Universitetet i Tromsø. Ho har fått masterstipendet til Nasjonalt klageorgan for helsetenesta for hausten 2025.
Ho valde dette som tema for oppgåva si fordi ho er interessert i møtet mellom norsk helserett og internasjonale menneskerettar. Silje Kristine vil undersøkje kva krav Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK) stiller til norsk lovgiving og bruk av reglane om administrative reaksjonar mot helsepersonell.
– Det kan vere utfordrande og tidkrevjande å forhalde seg til EMK i saksbehandlinga. Derfor meiner eg det er spesielt viktig at lovverket vårt er i tråd med konvensjonen på dette området, seier Silje Kristine.
Ho ønskjer mellom anna å analysere dei nye reglane i helsepersonelloven kapittel 11 i lys av dei såkalla Engel-kriteria i praksis frå Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD).
Vi gratulerer Silje Kristine med stipendet og gler oss til å lese oppgåva når ho er ferdig!