Pasientskade-fagmiljø frå heile Norden møtest i Bergen
– Viktig for å kunne lære av kvarandre og sjå eige arbeid med eit friskt blikk, seier direktørar i Nasjonalt klageorgan for helsetenesta.
                        Annakvart år møtest dei som handsamar klager på pasientskadesaker i dei nordiske landa, til konferanse. I år er Nasjonalt klageorgan for helsetenesta vertskap for arrangementet, som har deltakarar frå Sverige, Danmark, Island, Finland og Noreg.
Avdelingsdirektørane for pasientskade, Live Cathrine Halmø og Vivian Skaar Erstad, ser fram til å ta imot kollegaene frå nabolanda.
– Målet er å utveksle erfaringar, få inspirasjon og lære av kvarandre. Me kan sjå våre eigne saker i eit nytt lys og få sparre med fagpersonar som har ein litt annan inngang enn oss, seier Halmø.
– Det er nyttig å knyte kontaktar med fagmiljø i andre land, seier Erstad. Me har for eksempel deltatt på nemndmøter i Danmark for å sjå korleis dei legg opp desse, og i enkelte saker har me òg brukt danske sakkunnige.
Ulike ordningar i dei nordiske landa
Programmet for konferansen er varierte tema innan det medisinske og juridiske feltet. Kvart land held eit innlegg før representantane frå dei ulike landa diskuterer og utvekslar erfaringar om tematikken.
Ordningane i dei nordiske landa er på mange måtar svært ulike.
– Det er store skilnader. Ordningane er ulike fordi samfunna er ulikt organisert. Me har òg ulik lovgiving og rettspraksis i det nordiske landa, seier Halmø.
Skilnadane er òg tydelege i temaa som står på programmet i år (sjå nedst i saka).
– I Sverige og Finland har dei ei eiga lov om kosmetiske operasjonar, medan dette i Noreg går inn under den ordinære pasientskadelova. I Noreg har me mange saker der klagaren har komplekst regionalt smertesyndrom (CRPS), medan dette er ei diagnose som i svært liten grad er i bruk i Danmark, seier Erstad.
Får nye perspektiv på arbeidet
At systema er ulike i dei nordiske landa, bidreg til at deltakarane kan få friske perspektiv på alt frå organisering til handsaming av konkrete sakstypar.
– Sakshandsamarane som skal delta, gler seg veldig til dei faglege diskusjonane der dei får sparre med fagpersonar som har ei litt anna tilnærming enn me har i Noreg, seier Erstad.
– Rettspraksis i dei nordiske landa kan gje rettleiing i norske rettssaker, legg Halmø til. Me har hatt gode diskusjonar i samband med høgsterettssaker, og på sist konferanse utveksla me mellom anna erfaringar om saker som blir handsama etter unntaksbestemminga i den norske pasientskadelova, og handteringa av koronasaker. Det er spennande at me ser ting med ulikt blikk.
Les meir om samfunnsoppdraget og rolla til Nasjonalt klageorgan for helsetenesta.
Tema for nordisk konferanse 2025
Nasjonalt klageorgan for helsetenesta (Noreg)
Komplekst regionalt smertesyndrom (CRPS) og problemstillingar i handsaminga av desse sakene.
Pasientskadenämnden (Sverige)
Lag om estetiske behandlingar og sakshandsaminga i saker der den som klagar, har mottatt kosmetisk behandling.
Úrskurdarnefnd Velferdarmála (Island)
Lov om patienterstatning (ny lov som trådde i kraft 1. januar 2025) og kva følgjer lova vil få.
Styrelsen for patientklager (Danmark)
Hjemtagelse af byretssager – korleis forvaltninga no gjennomfører rettssakene som ein tidlegare sette ut til eksterne advokatfirma.
Trafik- och patientskadenämnden (Finland)
Patientforsäkringscentralens rättelse av oriktigt beslut till en patients nackdel – kan ein i dei ulike landa omgjere vedtak når det er til ulempe for den som har klaga?