Pasientar som blir behandla med dopaminagonister og som mistar impulskontrollen, kan få erstatning ved informasjonssvikt
No kan pasientar ha rett på erstatning viss dei ikkje har fått informasjon om at dopaminagonister kan føra til at dei mistar impulskontrollen. Dette gjeld i hovudsak pasientar som blir behandla for Parkinsons sjukdom, men òg pasientar som blir behandla for restless legs syndrom.
Nyare studiar syner at pasientar som blir behandla med dopaminagonister (legemiddel), kan utvikla impulskontrollforstyrringar som mellom anna speleavhengnad, auka shopping og hyperseksualitet.
Pasientskadenemnda (nemnda) handsamar klagesaker frå pasientar som har mista impulskontrollen, og som har søkt om erstatning fordi dei ikkje har fått informasjon om denne biverknaden før behandlinga starta.
Desse pasientane har tidlegare ikkje hatt rett på erstatning, men nemnda har no endra praksis: Pasientane kan ha rett på erstatning dersom det har skjedd ein informasjonssvikt.
Over 30 prosent utviklar impulskontroll-forstyrringar
Impulskontrollforstyrringar er i dag ein velkjend og alvorleg biverknad av dopaminagonister, men vart først godt kjent tidleg på 2000-talet.
I nyare studiar har forskarar sett at over 30 prosent av pasientane som blir behandla med dopaminagonister, utviklar impulskontrollforstyrringar over tid. Hos pasientar med fleire risikofaktorar, er risikoen for dette så høg som 50 prosent.
I 2007 publiserte derfor Direktoratet for medisinske produkt (tidlegare Statens legemiddelverk) et informasjonsskriv om at legar måtte gi informasjon om risikoen for impulskontrollforstyrringar.
Ny kunnskap har ført til praksisendring i Pasientskadenemnda
Tidlegare var praksisen, i både Norsk Pasientskadeerstatning (NPE) og nemnda, at pasientane ikkje fekk medhald i at det hadde skjedd ein informasjonssvikt, fordi biverknaden var for fjern og avleda til at det gav grunnlag for erstatning. Vidare meinte NPE og nemnda at biverknadene heller ikkje var ei direkte følgje av behandlinga.
På grunn av dei nyare studiane som syner samanhengen mellom dopaminagonistar og impulskontrollforstyrringar, meiner nemnda no at ved å informera pasienten og pårørande om risikoen for moglege biverknader, vil ein kunna gjera førebyggjande tiltak for å heilt eller delvis avgrensa det økonomiske tapet pasientane kan pådra seg.
Under nemndmøtet i mai 2020 avgjorde derfor nemnda at det var grunnlag for å endra det som tidlegare var praksis i parkinsons-saker. Så lenge ein kjem til at det er svikt/informasjonssvikt, må ein gjera ei konkret vurdering i kvar enkelt sak med utgangspunkt i at biverknaden var allmenn kjent frå 2007.
Impulskontrollforstyrringa må vere ei direkte følgje av medisineringa
Sidan 2020 har nemnda handsama ei rekkje parkinsons-saker der dei har konkludert med at impulskontrollforstyrringar er biverknader som pasienten bør informerast om når behandlinga startar. Årsaka er at impulskontrollforstyrringar i dag er velkjende og alvorlege biverknader ved bruk av legemiddel mot Parkinsons sjukdom.
Nemnda meiner at staten har erstatningsansvar i desse sakene. Det betyr at nemnda kan opna for det same i andre tilsvarande saker, der behandlande lege ikkje har informert pasienten om biverknadene.
Nemnda meiner at pasientgrupper som har blitt medisinert med dopaminagonister, ikkje kan samanliknast med andre grupper skadelidde som også kan pådra seg tap i formue på grunn av handlingar dei ikkje ville gjort dersom dei ikkje var prega av symptom som korrekt behandling ville ha dempa eller fjerna.
Nemnda meiner det er ein klar skilnad mellom pasientgrupper som har vore medisinert med dopaminagonister og som ei følgje av dette har utvikla impulskontrollforstyrringar, og pasientar som til dømes er under medisinering som ein del av behandlinga for psykiske lidingar. Årsakssamanhengen er som regel meir indirekte når det gjeld skadar eller handlingar utførte av personar med psykiske lidingar, slik som for eksempel aktiv psykose.
For desse pasientgruppene er ofte den uønskte handlinga ei samansett følgje som består av fleire faktorar, for eksempel manglande medisinering for å avgrensa følgjer av lidinga, grunnlidinga i seg sjølv, rus eller anna.
Nemnda meiner ein ikkje kan samanlikne desse tilfella, sidan sjølve årsaksleddet blir meir samansett og skadefølgja indirekte.
Ikkje rett på erstatning for eitkvart økonomiske tap
Utvikling av impulskontrollforstyrringar etter medisinering med dopaminagonister er ei direkte følgje av medisineringa. Som følgje av manglande informasjon, og dermed manglande innrettingar, kan pasienten ha fått eit økonomisk tap. Tapet står derfor i direkte samanheng med svikten.
Nemnda meiner likevel at saker med lik problemstilling skal behandlast likt. Dersom ein svikt har ført til uvettig bruk av pengar, og dette er ein direkte konsekvens av svikten, skal desse tilfella vurderast på same måte som parkinsons-sakene.
Samtidig inneber ikkje praksisendringa at erstatningssøkjaren har krav på erstatning for eitkvart økonomiske tap. Nemnda må i kvar enkelt sak vurdera tapa pasienten søkjer om erstatning for og omfanget av desse. Dette følgjer av praksis frå Høgsterett, sjå HR-2020-1332-A avsnitt 64 med henvisning til Rt-2007-172 avsnitt 66.
Har for første gong tilkjend erstatning for utgifter til spel
I fleire av parkinsons-sakene som blei behandla i Pasientskadenemndas møte i oktober 2021, hadde pasientane tidlegare fått medhald i at dei har rett på erstatning, men seinare klaga på storleiken og omfanget av erstatninga. På møtet skulle nemnda ta stilling til storleiken på erstatninga.
I ei av sakene fekk pasienten delvis medhald i kravet om erstatning for utgifter til spel som følgje av impulskontrollforstyrringar. Dette var første gong nemnda tilkjende erstatning for utgifter til spel.
Praksisendringa i Pasientskadenemnda inneber at det er opna opp for at staten erkjenner erstatningsansvar på dette området, men det må gjennomførast ei konkret vurdering i kvar enkelt sak.
Det rettslege grunnlaget for erstatning av utgifter
Personar som har fått ein skade, skal ikkje komme økonomisk dårlegare ut enn dei hadde gjort utan skaden. Dette er differanseprinsippet og prinsippet om full
erstatning, eit utgangspunktet i erstatningsretten.
Meirutgifter (utgifter personen ikkje ville hatt utan skaden) blir dekt etter skadeerstatningslova § 3-1. I tre sentrale avgjerder i 1993 slo Høgsterett fast at det berre er nødvendige og rimelege meirutgifter som skal erstattast.
Pasientskadelova omfattar òg reine tap i formue. Dette følgjer av skadeerstatningslova § 4-1, pasientskadelova § 4, og tidlegare nemndpraksis (sjå avgjerder frå Pasientskadenemnda, PSN-2005-292, PSN-2012-482 og PSN-2016-9414-1).
Kan ein få erstatning dersom ei ulovleg handling fører til eit økonomisk tap?
Når pasienten har utvikla speleavhengnad som følgje av medisineringa, og manglande informasjon og oppfølging av medisineringa har ført til eit økonomisk tap, skuldast tapet ein patologisk biverknad hos pasienten. Vedkommande har ikkje i utgangspunktet hatt ei interesse i å drive med til dømes pengespel.
Det er videre ein føresetnad at pasienten og dei pårørande med adekvat (fullgod) helsehjelp ville avgrensa eller forhindra det økonomiske tapet som åtferda har ført til. Sjå til dømes Sør-Rogaland tingretts dom frå 10. februar 2023. På side 16 i dommen uttalar tingretten:
”Det følger av det som her er sagt at pengespill som sådan ikke er uønsket i det norske samfunnet, men at det anses viktig med streng regulering og tiltak for å redusere risikoen for negative skadevirkninger. Når slike skadevirkninger likevel oppstår som følge av patologisk spilleavhengighet, har retten vanskelig for å se at det ikke er en interesse som fortjener rettsordenens beskyttelse, når det først foreligger ansvarsgrunnlag”.
Når ein skal vurdere om ei interesse er erstatningsrettsleg verna, må ein derfor gjere ei konkret vurdering av bevisa i kvar enkelt sak. Dersom ein er usikker på om handlinga som har ført til det økonomiske tapet er lovleg, meiner nemnda at det er pasienten eller pårørande som må sannsynleggjere at det er ei lovleg handling, og vidare at det er ei følgje av impulskontrollforstyrringar.
Samanhengen i rettssystemet kan tale mot å dekke erstatningskrav som bygger på straffbare handlingar som pasienten har gjort. Om pasienten har blitt dømt til straffe- eller erstatningsansvar, er handlinga og tapet noko pasienten sjølv er ansvarlege for. I så fall kan ikkje staten ta det økonomiske ansvaret.
Dette gjeld spesielt for krav om å få dekka utgifter til seksuelle tenester på nett, men det kan òg vere ulovlege handlingar som knyter seg til spel på nett. Det er vanskeleg for NPE og sekretariatet i saksførebuinga å vite om det handlar om ulovlege aktivitetar, til dømes involvering av mindreårige eller menneskehandel. Nemnda meiner derfor at kravet til bevis bør vere strengt.
Krav til bevis
Når nemnda handsamar desse sakene, er det det vanlege beviskravet med sannsynsovervekt (meir enn 50 prosent sannsynleg) som gjeld. Jo større kravet er, jo betre må likevel bevisa vere. Eit stort erstatningskrav fordrar eit større ansvar for pasienten til å sannsynleggjere tapet. Ein må derfor ha eit skjerpa krav til dokumentasjonen som kjem inn.
I desse sakene er NPE og nemnda avhengig av å få korrekt og god nok dokumentasjon slik at kravet kan vurderast. Ein må til dømes kunne stille krav til pasienten om at hen deler opp dei forskjellige postane som hen krev erstatning for, og at hen konkretiserer og dokumenterer desse kvar for seg.
Når ein krev erstatning for utgifter til spel på nett, må den som klagar sende inn kontoutskrifter og oversikter over kva utgifter som har gått til spel og kva inntekter ein har fått som følgje av gevinstar. Ein må òg dokumentere ei eventuell auke i gjeld.
Den som krev erstatning for meirkjøp, må òg sende inn den same dokumentasjonen, inkludert dokumentasjon på verdien til det ein har kjøpt, eventuelt kva gjenstanden er seld for.