Me nådde nynorskkravet på nett i 2022

Den siste målinga av nettsidene våre syner at me var oppe i nesten 30 prosent nynorsk i 2022.

Eit tastatur der ein av tastane er eit norsk flagg. Foto: Mostphotos.

I mai har me nynorsk som tema i språkarbeidet hos oss.

Me jobbar for å nå målet om at alle som tek kontakt med oss på nynorsk, skal ha svar på nynorsk, og for å nå kravet om minst 25 prosent nynorsk i allment tilgjengelege dokument.

Nesten 30 prosent nynorsk

Språkrådet fører tilsyn med bruken av bokmål og nynorsk hos statsorgan på nett, i sosial medium og i skjema.

Me fekk nyleg tilbakemelding frå Språkrådet med ros for godt og systematisk arbeid. Den siste målinga av nettsidene våre syner at me var oppe i nesten 30 prosent nynorsk i 2022.

Språkrådet fann lett nynorsktekst på framsida av domenet og i dei øvre laga av nettsidestrukturen.

Bruken vår av nynorsk i sosiale medium har også gått opp og er høg. Halvparten av det me publiserte i 2022 var på nynorsk.

Alle skjema våre er tilgjengelege på både bokmål og nynorsk, slik språklova krev.

Språkrådet skriv dette i tilbakemeldinga til oss: Hald fram med det gode arbeidet – de er eit godt føredøme for andre statsorgan i sektoren.

12. mai markerer me nynorskdagen

12. mai 1885 vedtok Stortinget å «sidestille det norske Folkesprog» med «det almindelige Skrift- og Bogsprog», det som i dag er skriftspråka nynorsk og bokmål.

Dette er jamstillingsvedtaket og grunnen til at me markerer nynorskdagen hos oss i dag.

Publisert / Endret
Personvernerklæring Tilgjengelighetserklæring