Me nådde nynorskkrava i 2024
Språkrådet fører tilsyn med statlege verksemder kvart år. Rapporten frå sist tilsyn syner at me etterlever alle krava.

Kvart år fører Språkrådet tilsyn med bruken av nynorsk og bokmål i staten. I 2024 har dei ført tilsyn med korleis statlege verksemder etterlever §§ 13, 14 og 20 i språklova.
Rapporten frå sist tilsyn syner at me oppfyller alle krava:
- Alle skjemaa og sjølvbeteningsløysingane våre finst på begge skriftspråk
- 52 prosent av innlegga våre i sosiale medium var på nynorsk i 2024
- 58 prosent av ny tekst på helseklage.no var på nynorsk i 2024
- 40 prosent av all tekst på helseklage.no er på nynorsk.
Systematisk arbeid med nynorsk
Arbeidet med nynorsk blir prioritert hos oss. Me har nynorskgrupper som hjelper med korrekturlesing av tekstar og med å omsetje faste tekstar til nynorsk. Me vekslar mellom bokmål og nynorsk i allment tilgjengelege tekstar, og det er rutine at skjema blir tilgjengelege på begge skriftspråk samtidig.
Kvar månad har me eit språktema, og mai er fast nynorskmånad. Målet med nynorskmånaden er alle skal kjenne til pliktene me har og korleis dei kan etterleve desse. Me jobbar for å styrke kunnskapen om nynorsk og med å formidle kvifor det er viktig at me når krava (utover at det er eit krav). Me jobbar òg for å skape positiv merksemd rundt nynorsken.
På Språkrådet sine nettsider kan du lese meir om korleis tilsynet blir gjennomført.