Høyringssvar: Me er samde i at yrkeskvalifisert helsepersonell frå Storbritannia kan få ei eiga godkjenningsordning

Høyringa frå Helse- og omsorgsdepartementet omhandlar autorisasjon, lisens og spesialistgodkjenning for helsepersonell med yrkeskvalifikasjonar frå Storbritannia.

Flagget til Storbritannia på en av tastene på et tastatur.

Me ønskjer at forskrifta skal innehalde forklaringar på dei sentrale omgrepa som blir brukt, sjølv om dei er nemnt i frihandelsavtalen. Sidan forskrifta er lettare tilgjengeleg enn frihandelsavtalen, reknar me det som føremålstenleg at forskrifta inneheld forklaringar på omgrep frå avtalen.

Forslaget frå Helse- og omsorgsdepartementet gjeld dei som har «ervervet yrkeskvalifikasjoner» i Storbritannia. Forskifta seier at søkaren sine kvalifikasjonar skal bli samanlikna med krava til kvalifikasjonar i Noreg. Me saknar ein definisjon av «yrkeskvalifikasjoner» i forskrifta.

Sidan det i Noreg er krav til både utdanning og gjennomført turnus for å kvalifiserere til autorisasjon, reknar me med at eit slikt krav òg må stillast til søkjarar frå Storbritannia. Dette kjem ikkje tydeleg fram i forslaget.

Me er nøgde med forslaget, men har nokre kommentarar til korleis forskrifta kan verta tydelegare og meir korrekt.

Sjå fleire merknader i det fullstendige høyringssvaret

Publisert / Endret
Personvernerklæring Tilgjengelighetserklæring