Høyring: Statens vegvesen føreslår å endre førarkortforskrifta

Nasjonalt klageorgan for helsetenesta har sendt inn eit høyringssvar med nokre kommentarar til forslaget.

Bilde fra innsiden av en bil. Foto: Mostphotos.

Statens vegvesen har sendt på høyring eit forslag om å endre førarkortforskrifta.

Me er samde med Statens vegvesen i at det kan vere fornuftig at ein person med nedsett førleik, og som har klart oppkøyringa i ei klasse innanfor ei førarkortgruppe, ikkje automatisk får førarrett i dei lettare klassane innan den same førarkortgruppa.

Sjølv om me meiner det kan vere gode grunnar for å gi avgrensa dispensasjon til einskilde førarkortklassar for dei med nedsett førleik, er me usikre på i kva grad det er rom for å gjere dette berre for denne førarkortgruppa. Me tenker då spesielt på dei EØS-rettslege forpliktingane våre.

Me stiller spørsmål ved formuleringa av forslaget 

Me har stilt spørsmål ved utsegnene til Statens vegvesen omkring dispensasjonsregelverket under punkt 3.2.2 i høyringsnotatet.

Under punkt 3.2.2 i høyringsforslaget skriv Statens vegvesen at det er rom for å gi avgrensa dispensasjon for einskilde førarkortklassar. Me er usikre på om Statens vegvesen her tek sikte på dispensasjonssaker generelt etter førerkortforskrift § 7, eller berre saker om førleik. Me er òg usikre på om dei syner til dagens regelverk, eller regelverket slik dei vil vere om endringsforslaga vert vedtekne.

Publisert / Endret