For fjerde året på rad handsama vi fleire saker enn vi fekk inn

I 2023 fekk vi inn 3995 saker, og 4516 personar fekk svar på klagesaka si.

Bildet syner ei kvinne som sit ved ein PC og smiler.

Vi fekk inn fleire saker i 2023 enn det vi gjorde i 2022. Likevel har vi redusert talet på saker som ventar på behandling, med 522 saker.

Vi oppnådde fleire gode resultat i 2023:

  • Vi handsama fleire saker enn vi fekk inn.
  • Vi handsama fleire eldre saker.
  • Vi har færre saker i kø.
  • Vi har redusert den samla gjennomsnittlege sakshandsamingstida.

Fleire klagarar som har venta lenge, har fått svar

Til saman fekk 4516 personar svar på klagesaka si i 2023. Dette er ein auke frå 4480 i 2022.

Samtidig reduserte vi talet på eldre saker. Det er viktig at klagarar som har venta lenge på svar, skal få handsama saka si så raskt som mogleg.

Vi handsama fleire pasientskadesaker enn vi fekk inn

Pasientskadenemnda fekk inn 2244 saker i 2023. Det er 6,5 prosent fleire saker enn i 2022. Samtidig har vi handsama 278 fleire saker enn vi fekk inn. I 2023 handsama Pasientskadenemnda 2522 saker.

Den samla sakshandsamingstida på pasientskadeområdet har blitt kraftig redusert gjennom året. Ved utgangen av 2023 var den gjennomsnittlege sakshandsamingstida på alle pasientskadesaker 13,8 månader. I 2022 var dette talet på same tid 19,2 månader.

Vi nådde målet om 12 månaders sakshandsamingstid på dei fleste pasientskadesakene. I saker der personar har klaga på erstatningsbeløpet, har vi redusert sakshandsamingstida frå 29,8 månader ved utgangen av 2022 til 20,9 månader ved utgangen av 2023.

Vi nådde målet om under 12 månader sakshandsamingstid på Helfo-området

Vi fekk inn 1366 Helfo-saker i 2023 og handsama 1646 saker. Det vil seie at vi handsama 20 prosent fleire saker enn vi fekk inn.

Vi har nådd målet om å redusere den gjennomsnittlege sakshandsamingstida til 12 månader ved utgangen av 2023. Den samla sakshandsamingstida på Helfo-saker har gått ned frå 13,9 månader ved utgangen av 2022 til 11,8 månader ved utgangen av 2023. Mange av sakstypane har langt kortare sakshandsamingstid enn dette.

Vi har redusert sakshandsamingstida i Statens helsepersonellnemnd

Statens helsepersonellnemnd har fått inn fleire saker i 2023, samanlikna med 2022. I 2022 fekk vi inn 220 nye saker, i 2023 var dette talet 274.

Samtidig har fleire klagarar fått svar i 2023, samanlikna med 2022. I 2023 handsama Statens helsepersonellnemnd 238 saker.

Sakshandsamingstida har gått ned gjennom året. Ved årsslutt i 2022 var sakshandsamingstida på 13,8 månader. På same tid i 2023 var talet 12,5 månader.

Ingen auke i talet på stemningar i pasientskadesaker

Vi fører saken for retten på vegne av Pasientskadenemnda. Vi fekk 203 nye stemningar i 2023. I 2022 var talet 207 og i 2021 var det 188 stemningar.

Av 203 stemningar var 87 ansvarssaker (avslag på pasienskadeerstatning) og 116 var utmåling (størrelsen på erstatningen klagaren hadde fått utbetalt).

I 2023 blei 84 saker trekt og 54 saker forlikt. Sju stemningar blei avvist av tingretten.

Den vanlegaste årsaka til at ei sak blir trekt, er at medisinsk sakkunnig konkluderer med at det ikkje har skjedd ei svikt i behandlinga pasienten har fått. Årsaka til forlik er ofte at det kjem fram nye opplysningar som ikkje har vore kjent tidlegare, eller at saka blir betre opplyst under bevisføringa.

Talet på dommar i 2023 var 82. Dette er inkludert ikkje-rettskraftige dommar og dommar som har blitt anka.

Talet på rettskraftige dommar var 68. Dette talet er høgare enn i 2022, då talet på rettskraftige dommar var 47.

Seks stemningar på helserettsområdet

I 2023 kom det inn seks stemningar på helserettsområdet. I desse sakene er det regjeringsadvokaten som er prosessfullmektig, medan vi i Nasjonalt klageorgan for helsetenesta er partsrepresentant.

Ein av stemningane gjaldt eit vedtak i Apotekklagenemnda, to stemningar gjaldt vedtak i førarkortsaker frå Statsforvaltaren, ein av stemningane gjaldt ei Helfo-sak, og to stemningar gjaldt vedtak i Statens helsepersonellnemnd.

I 2023 blei sju dommar rettskraftige. Staten blei frikjent i alle.

Alle tala er førebelse. Det kan kome oppdateringar på enkelte av tala.

Publisert / Endret
Personvernerklæring Tilgjengelighetserklæring