Endringar i helselovgivinga frå 1. juli

Frå og med 1. juli 2023 trer fleire lovendringar i kraft som får følgjer for sakshandsaminga vår. Klagesaker som er sendt før 1. juli vert handsama etter gamalt regelverk.

Biletet syner eit paragraftekn i tre og fire trefugurar som står rundt. Foto: Andrii Yalanskyi, Mostphotos.

Lovendringane vart vedtekne av Stortinget tidlegare i år.

Samtykkefritak for å innhente teiepliktige opplysningar i klagesaker frå Helfo og Norsk pasientskadeerstatning

Lovendringane inneber mellom anna at me kan innhente teiepliktige opplysningar utan samtykke i saker som vert handsama etter folketrygdlova og pasientskadelova. Det er Helfo og Norsk pasientskadeerstatning som er fyrste instans i desse sakene.

Fritaket gjeld berre opplysningar som er naudsynte for å handsama saka.

Auka moglegheit for delegering til nemndsekretariata

Lovendringa gjev òg nemndleiar høve til å la sekretariatet ta avgjerder på vegne av nemnda. Delegasjonsmoglegheita gjeld i saker som vert handsama i Statens helsepersonellnemnd, Apotekklagenemnda og Klagenemnda for behandling i utlandet.

Leiaren i Pasientskadenemnda har allereie delegeringsmoglegheit, og nemndsekretariatet kan difor fatte vedtak i enkelte pasientskadesaker.

Utvida oppnemningsperiode for Klagenemnda for behandling i utlandet

Oppnemningsperioden for medlemar i Klagenemnda for behandling i utlandet vert utvida frå to til tre år. Det vil no vere lik oppnemningsperiode i alle nemndene me er sekretariat for.

Det er Helse- og omsorgsdepartementet som oppnemner medlemane til nemndene.

Berre privatpraktiserande helsepersonell får godtgjering for utlevering av opplysningar

Det vert ikkje lengre utbetalt godtgjering til offentlege behandlingsstadar for utlevering av pasientjournalar i pasientskadesaker.

Privatpraktiserande helsepersonell, uavhengig av om hen har driftsavtale med det offentlege, vil framleis få utbetalt godtgjering. Det vert ikkje utbetalt godtgjering til helsepersonell som er innklaga som påstått skadevaldar.

For arbeid og utgifter ved gjennomgang, utskrift og oversending av relevante delar av pasientjournal, er godtgjeringa 0,5 gonger timesatsen i salærforskrifta. Det er den gjeldande satsen når førespurnaden vart motteken som skal brukast.

Krav om godtgjering vert fremja saman med oversendinga av opplysningane.

Publisert / Endret
Personvernerklæring Tilgjengelighetserklæring