Advokat Ketil Sørvig har skrive lovkommentar til pasientskadelova

Saman med professor Bjarte Askeland står han bak lovkommentaren som no er publisert i Norsk Lovkommentar. 

Portrettbilde av advokat Ketil Sørvig.

På oppdrag frå Gyldendal Rettsdata har advokat i Nasjonalt klageorgan for helsetenesta, Ketil Sørvig, og professor og fagredaktør i Gyldendal Rettsdata, Bjarte Askeland, skrive ein oppdatert lovkommentar til pasientskadelova. 

Arbeidet er fullført, og lovkommentaren er no publisert i Norsk lovkommentar (krev abonnement)

– Arbeidet har vore noko tidkrevjande når eg i tillegg reiser land og strand i rettssaker. Men, det har gitt meg mykje fagleg påfyll, og eg har lært masse om korleis ein skal formulere seg i ein lovkommentar, seier Sørvig.  

Gode tilbakemeldingar på arbeidet 

Oppdraget har handla om å gjennomgå heile lova og skrive kommentarar til alle bestemmingane, basert på oppdaterte rettskjelder.  

– Lovkommentaren følgjer føringane og retningslinjene som Gyldendal forlag set for slikt arbeid. Kommentaren har fått god tilbakemelding og er godkjent av høgsterettsdommar Aage Thor Falkanger. 

– Dette har vore ei fin moglegheit til å bruke, dele og synleggjere fagkunnskapen me har her i Bergen, seier Sørvig.

Publisert / Endret