Webinar: Kva er rolla vår som klageorgan og korleis tek me vare på rettstryggleiken for brukarane våre?
Det er fem år sidan Nasjonalt klageorgan for helsetenesta blei oppretta. I høve jubileet har me laga eit webinar om oss og rolla vår som klageorgan. Her får du også eit innblikk i ulike sakstypar, blant anna korleis me vurderer krav om erstatning i vaksinesaker, misbruk av refusjonsordninga og tilsynssaker mot helsepersonell.