Saka mi er avslutta. Kan ho vurderast på nytt?
Dersom du har fått nye og vesentlege opplysningar som kan føre til eit anna resultat, kan du søkje om gjenopptak.
Når du har fått eit vedtak frå Pasientskadenemnda, er saka avslutta. Du kan ikkje klage på dette vedtaket.
Du kan prøve saka for retten. Fristen for å ta ut stemning (stevning) er 6 månader fra du får vedtaket. Denne fristen er lovfesta. Det betyr at du ikkje kan ta ut stemning etter at det har gått 6 månader.
Dersom det ligg føre nye og vesentlege opplysningar i klagesaka di, som ikkje var kjent på vedtakstidspunktet, kan du søkje om gjenopptak. Desse opplysningane må kunne føre til eit anna resultat. Det er ikkje nok at du er ueinig i vedtaket, eller at for eksempel ein medisinsk sakkunnig vurderer saka annleis.
Krav om gjenopptak må vere skriftleg. Hugs å oppgje kva som er nytt i saka og saksnummeret ditt.