Kva skjer dersom Pasientskadenemnda omgjer vedtaket?
Dersom Pasientskadenemnda eller sekretariatet omgjer vedtaket til NPE, sender vi vedtaket til NPE.
Klage på vedtak om avslag på erstatning frå Norsk pasientskadeerstatning
Dersom Pasientskadenemnda kjem til at du har rett på erstatning, sender vi saka tilbake til Norsk pasientskadeerstatning. Dei skal då greie ut og utbetale erstatningssummen.
Det er eit grunnleggjande prinsipp i norsk forvaltningsrett å ha ei toinstansbehandling av sakene. Vi sender derfor saka tilbake til førsteinstansen.
Klage på vedtak om innvilga erstatning frå Norsk pasientskadeerstatning
Dersom Pasientskadenemnda omgjer ei klagesak som gjeld erstatningsbeløpet frå Norsk pasientskadeerstatning, sender vi vedtaket til dei. Det er dei som utbetaler erstatninga.