Kva er Pasientskadenemnda?

Pasientskadenemnda er ei uavhengig nemnd som behandlar klager på vedtak frå Norsk pasientskadeerstatning. Klagene gjeld avslag på pasientskadeerstatning eller størrelsen på erstatninga.

Pasientskadenemnda er eit domstolliknande organ. Nemndmedlemmene har juridisk og medisinsk kompetanse. Eitt av medlemma er brukarrepresentant. Det er Helse- og omsorgsdepartementet som oppnevner nemndmedlemmene.

Alt etter kor kompleks saka er, behandlar nemnda klagesakene i nemndmøter med tre eller fem medlemmer. I nemndmøter med tre medlemmer er nemnda sett saman av jurist, lege og brukarrepresentant. I nemndmøter med fem medlemmer er det to juristar, to legar og ein brukarrepresentant.

Vi i Nasjonalt klageorgan for helsetenesta er sekretariat for nemnda.