Kva betyr svikt ved helsehjelpa?

Det kan vere svikt dersom helsehjelpa du fekk ikkje var i samsvar med vanleg god medisinsk praksis på behandlingstidspunktet. 

Døme på svikt kan vere

  • manglande tilvising (henvisning) /oppfølging/diagnostisering
  • forseinka diagnose
  • mangel på informasjon om alvorlege bivirknader
  • feilbehandling

At resultatet ikkje blei som du ønska, betyr ikkje at det var svikt ved helsehjelpa.