Kor mykje kan eg få i pasientskadeerstatning?

Utmålinga av erstatninga er individuell. Det er derfor ikkje mogleg å seie kor stor erstatninga blir etter ein bestemt skade.

Erstatningsutmålinga skjer etter reglane i skadeserstatningslova og alminnelege erstatningsrettslege reglar.

Dersom du har rett på pasientskadeerstatning, er grunnregelen at du økonomisk skal stillast som om skaden ikkje var skjedd. Du skal heller ikke stillast økonomisk gunstigare enn om skaden ikkje hadde skjedd. Økonomiske fordeler ved skaden, slik som skattefordel eller utgiftsinnsparingar, blir derfor trekt frå ved utmålinga.

Prinsippet om full erstatning er fyrst og fremst eit juridisk omgrep, ikkje eit økonomisk omgrep.