Kan eg prøve saka mi for retten?
Etter at saka di er behandla av både Norsk pasientskadeerstatning og Pasientskadenemnda, kan du ta ut stevning og prøve saka di for domstolane. Dette er ei rettigheit alle har i Noreg.
Å få prøvd saka for domstolen er ein viktig rettssikkerheitsgaranti dersom du ikkje er einig i utfallet etter to-instansbehandlinga i forvaltninga.
Søksmålsfristen er seks månader etter at du fekk vedtaket frå Pasientskadenemnda eller sekretariatet. Fristen er lovfesta. Det betyr at du ikkje kan ta ut stemning (stevning) etter at det har gått seks månader.
Riktig saksøkt part er staten ved Pasientskadenemnda.
Du kan ta ut stemning ved
- tingretten der du bur
- tingretten der behandlingsstaden er
- Hordaland tingrett i Bergen (vernetinget til Pasientskadenemnda)