Kan eg få erstatning sjølv om det ikkje var svikt ved helsehjelpa?

Dersom ein skade er både særleg stor og særleg uventa, kan du ha rett på erstatning sjølv om det ikkje var svikt ved helsehjelpa.

Medisinsk behandling inneber normalt ein risiko for skade eller komplikasjon. Du kan ikkje få erstatning for skadar eller komplikasjonar som er kjente risikoar.

I nokre særlege tilfelle kan du få pasientskadeerstatning sjølv om det ikkje har vore svikt ved helsehjelpa. Dette er ein unntaksregel i pasientskadelova.

Skaden må då vere både særleg stor og særleg uventa, og det må vere eit betydeleg misforhold mellom det du blei behandla for og det du enda opp med av skadar. Det må òg vere samanheng mellom behandlinga og skaden.

I slike saker vurderer vi det medisinske grunnlaget for behandlinga, omfanget av skaden, kor ofte skaden skjer, og om komplikasjonen er kjent.