Kan eg få dekt sakskostnader og utgifter til advokat?
Dersom du får heilt eller delvis medhald i klagesaka di, kan du ha krav på å få dekt vesentlege kostnader som har vore nødvendige for å få endra vedtaket.
I pasientskadesaker kan du i særlege tilfelle få dekt nødvendige og rimelege utgifter til advokat, sjølv om du ikkje får medhald i klaga.
Særlege tilfelle kan vere dersom du har vesentlege problem med å forstå innhaldet i dokumenta i saka eller av andre grunnar ikkje er i stand til å vareta eigne interesser.