Kan andre hjelpa meg med saka mi?

Du står fritt til å motta bistand fra andre. Dersom du treng hjelp med saka di, kan du få støtte frå for eksempel pårørande, helsepersonell, ein brukarorganisasjon, pasient- og brukarombodet i fylket ditt eller ein advokat.

Me har rettleiingsplikt og hjelper deg med spørsmål om kvar du skal sende ei eventuell klage og saksbehandlinga hos oss.

Me kan ikkje skaffe fullmektig/advokat til deg.

Dersom du vil at nokon skal vere fullmektig for deg, må du fylle ut og signere fullmaktskjemaet. Den enklaste og tryggaste måten å gjere dette på, er inne på Mi side.