Er det mange pasientskadesaker som endar med ein dom?
Under 1 prosent av alle pasientskadesaker endar med ein rettskraftig dom.
Norsk pasientskadeerstatning får årleg rundt 7000 erstatningssaker. Det blir tatt ut stemning (stevning) i under 3 prosent av desse sakene.
Dei fleste søksmåla blir avslutta før saka kjem til rettssalen, fordi saka enten blir trekt eller forlikt. Derfor er det kun under 1 prosent av alle pasientskadesaker som endar med ein rettskraftig dom.
Kvifor blir ei sak trekt?
Ei vanleg årsak til at saker blir trekt, er dersom rettsoppnevnt sakkunnig konkluderer med at det ikkje var svikt ved helsehjelpa.
I 2024 blei 52 prosent av søksmåla trekt.
Kvifor blir ei sak forlikt?
Den vanlegaste årsaka til vi forliker ei sak, er at det kjem fram nye opplysningar som ikkje har vore kjent tidlegare.
Dersom dei nye opplysningane syner at pasienten har krav på pasientskadeerstatning, eller meir erstatning enn det allereie er utbetalt, forliker vi saka.
Forlik skjer som oftast før hovudforhandling, men i nokre få saker blir det inngått forlik etter at hovudforhandlingane har starta.