Apotekklagenemnda

Apotekklagenemnda kan behandle klager på vedtak etter kapittel 3–9 i apoteklova.

Apotekskilt på en bygning. Foto: Mostphotos.

Klagesakene gjeld til dømes:

Klager på vedtak må sendast til Direktoratet for medisinske produkter innan tre veker etter at du mottok vedtaket. Dersom dei opprettheld vedtaket sitt, blir klagesaka sendt til Apotekklagenemndas sekretariat i Nasjonalt klageorgan for helsetenesta for ei ny juridisk vurdering. Sekretariatet greier ut og førebur saka for nemnda.

Frå og med 1. juli 2023 kan nemndleiaren delegere myndigheit til sekretariatet. Det betyr at sekretariatet kan fatte vedtak på vegne av nemnda i enkelte saker.

Vedtak frå Apotekklagenemnda er endelege, men kan leggjast fram for domstolane.

Informasjon om korleis vi behandlar klager på vedtak etter apoteklova:

Når er neste nemndmøte?

Apotekklagenemnda har møte ved behov, i samband med møte i Statens helsepersonellnemnd.

Medlemmer av Apotekklagenemnda

Apotekklagenemnda er ei uavhengig nemnd med sju medlemmer. Medlemmene er dei same som i Statens helsepersonellnemnd, bortsett frå at to av medlemmene med helsefagleg kompetanse blir bytte ut med to som har farmasøytisk kompetanse. Det er Helse- og omsorgsdepartementet som utnemner nemndmedlemmene.

Medlemmer med farmasøytfagleg kompetanse til Apotekklagenemnda er:

Faste medlemmer

  • farmasøyt I: provisorfarmasøyt Tonje Krogstad, Nesoddtangen
  • farmasøyt II: kommunefarmasøyt Rønnaug Larsen, Oslo

Varamedlemmer

  • for farmasøyt I: apotekar Line Lantz, Oslo
  • for farmasøyt II: apotekar Stein Lorentzen-Lund, Oslo

Sjå Statens helsepersonellnemnd for fullstendig liste over nemndmedlemmer

Funksjonsperioden til nemnda er 15. august 2025–15. august 2028.