Tilleggstakst ved spesialistgodkjenning i allmennmedisin
Vi behandlar klagar på vedtak om tilleggstakst ved spesialistgodkjenning i allmennmedisin.
For at du som spesialist i allmennmedisin skal kunne krevje tilleggstakster, må du i løpet av dei siste fem åra ha fått godkjenning som spesialist eller godkjent etterutdanningsprogram i allmennmedisin i Noreg.
Klagesakene gjeld avslag på retten til å utløyse tilleggstakst.
Saksbehandlinga hos oss
Vi får klagesaka frå Helsedirektoratet. Når vi har fått saka di, sender vi deg eit brev om at ho er registrert hos oss. I brevet får du òg informasjon om forventa saksbehandlingstid. Saksbehandlingstida varierer etter kor kompleks saka er.
Saksbehandlinga er skriftleg. Saksbehandlaren som blir tildelt saka di, gjer ei ny juridisk vurdering og hentar inn nye eller oppdaterte opplysningar viss det er nødvendig. Vedkommande vurderer om det er grunnlag for å endre vedtaket. Det er alltid minst to personar som vurderer saka.
Når vi har gjort eit vedtak i saka, sender vi det til deg eller representanten din. Vi sender òg vedtaket til Helsedirektoratet.
Du kan følgje klagesaka di på Mi side.
Vedtaka våre er endelege
Vedtak frå oss er endelege. Det betyr at du ikkje kan klage på dei.
Du kan leggje vedtaket fram for domtolane for for rettsleg overprøving.