Mi side

Viss du har ei sak hos oss, kan du følgja ho på Mi side.

 

I brukarportalen Mi side kan du følgja utviklinga i saka di, sjå dokument me har sendt til deg og som du har sendt til oss, senda inn nye opplysningar som er viktige for saka og fylla ut aktuelle skjema. Viss du har fleire saker hos oss eller er advokat i fleire saker, får du ei oversikt over desse når du loggar deg på.

Mi side erstattar utsending av dokument på minnepenn.

Pålogginga til Mi side er via ID-porten. Første gong du loggar inn, må du samtykkja til å bruka Mi side og få varsel. 

Logg inn på Min side

Kven kan bruka Mi side?

Du kan bruka Mi side viss du har eit norsk fødselsnummer og mobilnummeret ditt er registrert i klagesaka hos oss.

Advokatar kan bruka Mi side viss fødselsnummeret til advokaten er registrert i saka. Me treng også ei direkte e-postadresse til advokaten (ikkje postmottak).

Viss du har advokat eller fullmektig, er vedkommande kontaktpersonen vår i saka di. Det er advokaten/fullmektigen som sender inn dokumentasjon osb., og som skal vidareformidla informasjon til deg. Du har lesetilgang til saka på Mi side og kan fylla ut aktuelle skjema.

Merk: Dersom du byter advokat eller ikkje lenger har advokat i saka di, må du gje beskjed til oss slik at me har riktig kontaktperson!

Kven kan ikkje bruka Mi side?

Førebels kan ikkje personar utan norsk fødselsnummer og verksemder bruka Mi side. Me jobbar med å utvikla brukarportalen slik at han blir tilgjengeleg for fleire brukargrupper. Snart blir det til dømes mogleg å logga seg på med europeisk eID.

Du kan dessverre ikkje bruka Mi side viss du har verje (verge). Det er heller ikkje mogleg å bruka Mi side viss det er to advokatar i same sak.

Får eg varslar når det er noko nytt i saka?

Ja, du får varsel når det skjer noko viktig i saka.

Du får mellom anna varsel når saksbehandlinga byrjar, viss du får eit dokument du kan kommentera, i tilfelle saka blir returnert til førsteinstansen og når det er fatta eit vedtak i saka.

Privatpersonar får varsel på SMS og advokatar får varsel på e-post.

Viss det er fleire endringar på same dag, varslar me berre éin gong. Varsla blir sende til eit fast klokkeslett.

Kor lenge er ei sak open på Mi side?

Klagesaka blir tilgjengeleg på Mi side når ho er oversend frå førsteinstansen og registrert i systema våre.

Saka er open til ho er ferdigbehandla hos oss. Eventuelle salærkrav kan sendast inn via Mi side innan 3 veker etter at vedtaket vart fatta.

Vedtak i klagesaker som gjeld refusjon av behandlingsutgifter frå Helfo til pasient kan ankast til Trygderetten. Ankefristen er 6 veker. Desse sakene er derfor opne for utfylling og innsending av ankeskjemaet til fristen har gått ut.

Kor lenge er ei sak synleg på Mi side?

Klagesaka er synleg i 6 månader etter at vedtaket vart fatta eller til det eventuelt blir teken ut stemning (stevning).

Bruk ein oppdatert nettlesar for å få best utbytte av Mi side

Du må bruka ein oppdatert nettlesar, som til dømes Chrome, Firefox, Safari eller Edge, for å få best utbytte av Mi side.

Personvernerklæring Tilgjengelighetserklæring