Dekning av betalingskrav frå spesialisthelsetenesta
Vi behandlar klagar på vedtak om dekning av betalingskrav frå spesialisthelsetenesta.
Pasientar som får helsehjelp i spesialisthelsetenesta, får i ettertid faktura med krav om betaling fordi dei ikkje er busette i Noreg og ein del av folketrygda.
Klagesakene gjeld betalingskravet.
Saksbehandlinga hos oss
Vi får tilsendt klagesaka frå helseføretaket. Når vi har fått saka di, sender vi deg eit brev om at ho er registrert hos oss. I brevet får du òg informasjon om forventa saksbehandlingstid. Saksbehandlingstida varierer etter kompleksiteten i saka.
Saksbehandlinga er skriftleg. Saksbehandlaren som blir tildelt saka di, gjer ei ny juridisk vurdering og hentar inn nye eller oppdaterte opplysningar viss det er nødvendig. Vedkommande vurderer om det er grunnlag for å endre vedtaket. Det er alltid minst to personar som vurderer saka.
Når vi har gjort eit vedtak i saka, sender vi det til deg eller representanten din. Vi sender det òg til helseføretaket. Det er helseføretaket som følgjer opp vedtaket dersom du får medhald.
Du kan følgje klagesaka di på Mi side.
Vedtaka våre er endelege
Vedtak frå oss er endelege. Det betyr at du ikkje kan klage på dei. Vedtak kan leggjast fram for domstolane for rettsleg overprøving.